mandag 2. juli 2012

Nostalgi


Er så heldig å ha fleire "medisintre"  i hagen.Idag skulle eg og Thea ut å plukke blomstene for å lage hylleblomstsaft.Lukta av hyll e sommar for meg,og eg kom til å tenke på blomstene som kvar sommar då eg var lita,hang til tørk på ein bjelke i Johanstaua.Det var bestefar som plukka dei,tørka og brukte til te.Sommarlukter :)  Der som hyllen sto kom og løypestrengen ned frå Rinda,med store høybøre.



  Sidan låvedøra sto på gløtt,tenkte eg nett stikke nasa innom å sjå om eg såg atte desse krokane som hang på strengen og som vi (kansje ikkje eg) måtte bere oppatte dei tunge Rindabakkane ,har faktisk ett minne t at eg og bar ,men da kan hende eg berre huska gremjinga t dei andre so sterkt at da følest som eg var med på da ;)


     
            jauda,oppunder taket på bjelken sin hang det tre stk,rusta fine,meina bjelken var full av slike før


 
               På låvedøra e det fleire minner,men litt nyare dato,her kryssa vi vossakasse lassa,slott og håslott


                       
                                                  og nåken har tegna,kansje det e bonden det skal forestille....

 
    I høyståle var det full aktivitet i mine barndoms-sommra ,trur kansje det var berre hos oss vi fekk lov å hoppe i høyet ,for her samlast dei fleste Da va so kjekt..Hengelampa hang faktisk i taket enno...


   
 Høgt opp på bjelkane sto vi og hoppa ned,og dagslyset kom inn som små soler gjennom håla i kledningen og lagde lysstråle i støvet  gjennom heile rommet.....

 
                  utafør leika  jenta med katten,men det var idag,men sikkert før og .....

                   
                      Fant og ett par skatta på låven som eg fekk lov  å "ta",so får me sjå.....

                E vel begynt å verte gammal no når sleke minne verte so sterke og viktige ;))

 
                        heimatte på kjøkkenet med hylleblomsten ,no skal vi lage saft

 
                                         Her e det som skal til for å lage den


                         
                                                                       oppskrifta


   
                                                                    konsentrasjon

                   
                                                    flotte sommarfarga



og ei hærleg sommarlukt over heile kjøkkent mmmm.No skal safta stå og gogjære seg i fem døgn før vi skal sile den over på flasker.Så e det berre å ta ein lite sup når ein kjenne ein forkjølelse nerme seg,veldig effektivt.:) Kan og bruke bæra,men det blir til høsten.

1 kommentar:

  1. For eit vakkert og rørande sommarnostalgi-innlegg! Løye korleis lukter og detaljar på ein gammal låve kan gjenskape minner..<3 Takk for atter eit feel good blogginnlegg!

    SvarSlett