lørdag 8. september 2012

Kystarvstien til Herland



Ettermiddagen idag blei nydeleg med sol og akkurat nok vind til å halde smikka/knotten vekke,så då gjekk eg og Johnny på tur på den fine nyerydda kystarvstien til Herland.Eg har ikkje gått der etter det blei bygd bru over Kvernhuselva,so var no litt spent på å prøve den ;) Har aldri sett så masse dyr og fuglar på nærthald på nokon tur før.Vi såg 5 hjorta,to av dei veldig,veldig nær.1 hoggorm og veldig nær :P 7 ørner i ein flokk og 2 utenom og 3 otera.Har hørt at havørna ikkje jagar på sauene,men idag såg vi tre ørner som jaga ein flokk sauer nedover liene....





kystarvstiane e merkt med "smurfeblått" 







                             
                               hadde ikkje med zooom linsa idag,men fuglane på bildet er ørner


og her e ein av dei som blei jaga av ørna


appelsinpause på selhogsanden :)


           
                         ser ut som Tvibyrge prøve å etterligne profilen til Alden,sjalusi ute å går....?









             
                                                         Johnny ser etter fisk i vatnet


           
            også var vi framme ved den nye flotte brua,var ikkje lett å komme over her sist vi var på tur...




               Fin tur på ein nydeleg haustdag :)

4 kommentarer:

  1. Flotte bilder frå ein fin tursti. Har ikkje gått heile løypa enda, berre inn til brua frå Herland. Må nok ta turen vidare ein dag.

    SvarSlett
  2. Ja,det vart eit fin ettermiddag i går,og den har du utnytta med mange fine naturbilder:)Du er flink:)

    SvarSlett
  3. Takk,takk damene ;) Ein fin tur dette,akkurat sånn passe lang og minimalt med stigninger.Vi trenge litt sånne rett fram stia her på øyna,dei fleste går jo berre rett opp frå børjan t slutt:P

    SvarSlett
  4. Nydelege bilder som fortel om ein fin tur i flott landskap :-)
    Kjekt å vere med :-)

    Ha ein fin lørdagskveld :-)

    SvarSlett