søndag 29. desember 2013

Romjulsdraum.


Draumen var kvit jul ,fjelltura,padletura,julebokktur
iallefall eit bål under stjerneklar himmel...
Verkelegheta blei storm etter storm,
regn ,hagl,lyn,torden
og halsbettennelse
hoff titte!!!
Jaija,da kunne no heilt sikkert
vert verre ....





Men idag blei både veret og eg sopass
at det endeleg blei ein tur ut å trekke frisk 
luft ,sjøluft og bållukt :))
oh lukke!!



 Ut i Nærvikja e  det 
nesten alltid fint lys

 Så eg inviterte slekta med på bålkos der.






 gløgg på bålet og peparnøtte i boksen



 elska bål



jammen stod det ikkje eit juletre der og.....
fort fiksa vi pynt til det (litt dårlege bilde, men da va lækkert )
og du grøne glitrande steig fram i fjæra :-)


 så då blei det jo plutselig ein slags juletrefest der nede
og grunnlaget var lagt for ein ny tradisjon. 
Juletrefest i fjæra .


Gleda meg allerie til nesteår :-))

lørdag 7. desember 2013

Solsidepadling


Rømte frå Høyvikesnoen idag og over
til "solsida" av øyna.
Det e rart 10 minutter i bil så er det vindstille,
skulle nesten tru vi budde på to forskjellige planetar.

Eit par minus grader her i dag :-)


Hadde håpa på å få med oss litt sol og kansje ein
stemningsfull blåtime ,men dette blei omtrent det
einaste vi fekk med av det flotte lyset ,før det blei grått i alle retningar.

 Sauesundet


 Elska at det e snø ,herleg stemning og så blir det så stille...


Sauesundsøyna,her for ei hjortekolle og ein kalv springande i snøen
eit nydeleg syn ,nesten som i skogen i" tre nøtter for Askepott"
rakk ikkje fram med kamera...

 Litt meir trekk ut med Flatøyna




Byggefeltet i vinterdrakt :)

Blei berre ein liten tur idag ,men godt å få tatt nåken magadrag 
med friske sjøluft no når halsbettennelsen  endeleg har slept takje hos oss ...


torsdag 5. desember 2013

JUHUUUULESTEMNING


Fantastisk å vakne til ei snøkvite bygd idag
og det var ikkje berre litt snø,men massemasse
iallefall ikkje so veldig ofte da kjem so 
masse her hos oss.
Lyst og fint i sterk kontrast til dei mørke dagane som har vert no.

Julestemninga slo bang inn :-)




......så menst gubben flytta snø
gjekk eg til skogs med julepynt i lommane
og fant meg eit tre
å pynte....
hihi alt for kunsten ;))








 tilfelle det skal bli ei stund til neste snøfall
er det viktig å dokumntere at vi hadde
litt den 5.des.2013



  Ned på vikja var det ikkje fullt så idyllisk
og notahuset fekk verkeleg vaska seg i kulingen...
 ...men jammen hadde nokon turd seg ned på berget å lage snømann... ;))
 Ettermiddagslyset


Nissen måtte berre fram i kveldinga

 ....og lyktene blei tente :-)

Ha ein fin kveld rundt om