lørdag 3. mai 2014

Tur til Blåfjell


Vi har lenge snakka om at vi skulle hatt oss ein runde
rundt om i fjella i  Askvoll sentrum ,men det har aldri blitt
meir enn snakk. 
Denne helga passa det perfekt ,så bestemte oss for å gå idag.
Kjedeleg var det då å vakne til lyden av regn :( kaldt og snøslette i fjelltoppane ...
Utpå føremiddagen klårna det lell ,så vi heiv oss i båten og "tøffa" til Askvoll.
Første delen av turen var det sol og flott ,men så kom regnet og litt høgre oppe 
snøslette ...brrr..
Hadde eigentleg tenkt å ta sjufjellsrunda ,men det er inga skam å ombestemme seg ;))
Så vi nøgde oss med Blåfjell idag .








Hadde gleda meg til DEN utsikta frå toppen utover havet og innover landet ,men der var det dårleg sikt kan du sei...
skodde var det vi såg...ialle retninga.

           
   
                       
 I brilleglasa til gubben såg det likavel ut til å glimte litt ;)


 den glade vandrer ...
# Utpåturaldrisur


 vakker vårstemning i skogen ,med grøne bjørke ,kvitveis og fuglesang







 lite vatn i elva ,vitnar vel om at vi har hatt ein lang godversperiode...




Den nyresturerte ,fine  Askvoll kyrkja ,med den flotte rododendron hekken .
Her er eg døypt ,konfirmert og gift :-)


Blei ein fin tur dette . Så får vi ta resten av runda ein anna gang ,ein anna dag
når det er betre sikt ,kansje....


1 kommentar: