torsdag 5. juni 2014

Marit prøver ting ho ikkje tørr .


Har lenge hatt lyst å ta med telt og overnatte opp ved Skrevarden.
Det har berre aldri blitt ,skjeldan eg ligg i telt i det heile.
No er frøkna på skuletur og mannen på fiske
så eg har vert aleine ettpar daga.,så 
då tenkte eg det passa heilt perfekt å finne på 
ettelleanna "tøft" heilt aleine....
Eg e vel ikkje akkurat kjent for å vere spesielt tøff då ,
iallefall ikkje nattestid ,så dette her blei ein sånn testdegsjølvtur :-)



 Sekken var megatung då eg labba avgarde, er ikkje så veldig vant med
å gå med tung sekk heller eg ,så godt med litt fotopausa underevegs.
Lyset var blått,bløtt og flott ,humøret egentleg på topp :-)


 Opp der skal eg :-)
 strekane i bildet er fluger ,dei likte vist å ha selskap ,så hang seg med heile vegen.
 mor og barn

 Har aldri satt opp telt før ,men det var gjordt på 1,2,3.
Bra mannen forklarte ,rød spile på rød inngang og gul på gul ,hadde eg nok aldri komt på...heheh
 fin teltplass ved vatnet
  
så opp på toppen å nyyyyte utsikta :-)



 masse molteblomar





med litt rødvin og ei nyinnkjøpt kjedeleg bok 
håpa eg at søvnen skulle komme fort...
 og det gjor han ,men eg vakna av froskekvekk
og vind som  ruska godt i teltduken ,regne gjord det vist og.
Eg hadde forlite klede med (Var ikkje plass til meir i sekken )og
sidan vi skjeldan telta ,har vi ikkje det proffaste varmaste sovepose utvalget ;)
så kl 5 sto eg opp å pakka tølene . Då var
sola allerede oppe ,bak skyene iallefall.
 og eg hadde ein nydeleg tur heimover i det fine morgonlyset






 Gjekk over Gjervika då første ferga  kom frå Askvoll.




 morgenfugl ,kvirrevitt..

Nesten heime. Renboge over Herlandsvatnet ,Alden og Hovden. 
Ein erfaring og god opplevelse rikare og stolt for at eg gjennomførte ;))



4 kommentarer:

  1. Så tøff du er !!
    Sikkert ei fantastisk oppleving. Har tenkt same tanken eg også, men ennå har det ikkje blitt...
    Nydelege bilder fra vakker kystnatur :-)
    God helg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det e berre å hie seg i det ,skal det bli noko av ,har eg funne ut :-) Er veldig glad for at eg gjorde dette.
      God helg til deg og Liv!! :-)

      Slett
  2. Kjempetøft! Eg har ikkje telta aleine anna enn på plena...;) Flotte bilde! Sjølv om det er grueleg tidleg så er det jammen fint lys klokka fem og...

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur vi går glipp av mykje som søv vekk "gryotta" utruleg fint og stille om morgonen ,før alt vakna til liv. Nydeleg lys. Og ja ,føle meg litt tøff etter denne turen ,må no kunne skryte litt hehe ;))

      Slett