onsdag 30. juli 2014

Nordnorge i mitt hjerte



Endeleg fekk vi det til å klaffe med ein tur til nordnorge ,for meg og mannen.
Det har vert draumen min lenge ,særleg Lofoten
og padling har frista.
Men sidan dette vart ein sånn ( trypisk oss) impulsiv tur, der vi 
først sjekka vermeldinga  før målet blei bestemt 
så var det ikkje lett å finne buplass der ,på den 
typiske turistplassen. 
Vi pakka bilen og la avgårde mot nord.
Her e vi på Saltfjellet og måtte stoppe sånn som 
alle andre "turista" å sjå å snope litt.

Har mange gode sommerminner frå feriturar nordover til ei snill og god
bestemor i Lyngen ,men trur ikkje eg har vert over Saltfjellet før.
 Vi har svinga innom Sverige og køyrd verdens lengste 
skogstur ,dei gangane eg har vert med i bil.








Turen nordover er ei utruleg fin reise ,så masse fin natur . 
Trøndelag og Nordnorge e verkeleg vakkert ,storslagent og åpent. 
Eg likar det :-)
No var det jo ikkje fototur vi var på då ,så blei ikkje 
stoppa kvargong eg såg ettelleranna som burde knipsast ,så 
bilda eg tok e stortsett gjennom ei frontrute
med skvisa mygg ....


Det blei ikkje Lofoten ,men Steigen som var målet for turen.
Johnny har vert der før og sett at det er eit eldorado av fjell ,holmar ,skjær og langstrakte kvite
strender..
Vi fekk ei fin hytte i strandkante i Leinesfjord.
Ein herleg plass å drikke morgonkaffi ,menst ein høyrde nesten ingenting ,det var ganske spesielt.
Skuldrane sank fleire hakk .
Vi la ut frå ein liten plass som heiter Nordskott ,og kom rett ut i
den vakraste idyll.. Sjøen var turkis og strendene var mange og kvite.
Med dei høge fjelltindane rundt så var det berre slåande vakkeret.



Det var ikkje særleg djupt innimellom holmane ,så kunne grett
følge med livet på botn. Det e so fasinerande.















Vi valgte oss ut ei strand for dagen ,litt mat ,soling og  bading før vi fortsatte .




Sånne maneter har eg ikkje sett før ,trudde først det var ein liten ball ,
men så dukka det opp mange. Fine igrunn:-)


Grøtøya ,ein gammal handelstad. Såg litt privat ut no ,så turde ikkje iland.


 

Kveldsbiltur til  Engeløya .
Eit nydeleg og forlokkande navn på ei øy.








Måtte nedom Bøsanden ,det var stranda si  det...




 







Her var det utsikt rett over til Lofoten ,som
ser ut som ein sværa trolltanngard borte i disen :-) ein anna gang....




Synest dei er heldige ,som har gården sin liggande her nede ved sanden,med dei flotte fjella rundt.
Såg ut som mange dreiv med landbruk her ,så det var kjekt å sjå.
I turistinfo kartet frå Steigen var det bilde av kyr som beita i strandkanten ,såg ut som lykkelege kyr :-))







Steigen kyrkje.







Mange kornåkrar var det og ,denne var so fin i kveldsola











Etter ein varm dag ,smakte det godt med ei kald ei .
Blei ikkje so mykje..hihi 

 
 
 Neste morgon i Hellnessund.
Denne dagen var gradestokken pasert 29 gr når vi kom i bilen i ni tida
..og det blei berre varmare og varmare.





 

 


Vi fant oss ei ny strand og brukte dagen til soling og bading.






Reine luksusen å få ha slike flotte strender heilt aleine.



 
Søringe spor...












lyst og fint kl 24 om natta




Farvell til Steigen . Men trur nok kansje vi kjem igjen,ein gang vi har lenger tid...





















Saltfjellet igjen.

Så endte vi opp i nydeleg Brønnøysund.




Her kunne eg lett ha vert leeeenge.




Endeleg fekk eg sjå inni Torghatten.



Var ikkje lange turen ,men akk så godt å bevege seg litt ulendt etter dagar 
sittande enten i bil eller kajakk.







Desverre var det tåkete og grått  ,men likevel ein fantastisk fin plass.





"Imponerande stort hol i fjellet" selfie



Kyr eller faktisk oksar på beite ,i nydeleg omgivelser .
Vi hadde tenkt å padle rundt omkring her ute dagen etter ,men då vakna vi til øsendepøsende regn,
så var ikkje så fristande.
Men her skal eg heilt sikkert tilbake og utforske meir . 
Gleder meg allerede :-))

8 kommentarer:

  1. Bravo, du har fått med deg essensen av NordNorge, nydelige bilder og jeg får lyst til å reise oppover igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker :-) Ja ,trur vi fekk med oss nordnorge på sitt beste ,DET flotte veret.

      Slett
  2. Då veit eg kvar turen går neste sommar! Nok ein gong har du klart å finne det magiske i naturen, du er ein dyktig fotograf Marit`a !! Takk for titten :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Anbefaler verkeleg ein tur Heidi. Vist ein likar flott natur og naturopplevelser. Mange plassar eg har lyst å sjå ,men rekk ikkje så mykje på ei veke.Så vi må nok fleire rundar ja. :-) Takk for goe ord ;))

      Slett
    2. Takk for turen,dette var nok ein flott tur,har reist ein gong med hurtigruta Bergen-Kirkenes og til bake det var ein flott tur og,mykje flott I å sjå i dette langstrakte landet

      Slett
    3. Det var nok ein veldig fin tur Aud . Står på planen om nokre år ;)) Takk for besøk på bloggen.

      Slett
  3. Trudde du va helt til Lyngseidet, men masse fine bilder. Takk for "titten" ��

    SvarSlett
    Svar
    1. Blei ikkje så langt som til Lyngseidet nei ,men det kan ikkje bli så veldig lenge til vi fer dit igjen. Kjekt du titta innom her :-)

      Slett