mandag 18. august 2014

Familie topptur ;)


Lørdag hadde vi ein fiin tur til
Synnevahornet i Vågsøy.
Dette er faktisk den høgste av toppane rundt der 689 m.o.h.
Krister hadde vert der før ,så det var i følge han
ikkje lange turen .Så då blei det til at vi labba med friskt mot
avgårde heile gjengen, sjølv om
enkelte var slitne allereie når dei kom ut av bilen på 
parkeringa ved  Myklevatnet i Almenningen ;))





Det var slakk og fin sti heile vegen ,med eit og anna litt brattare
parti ,der var det murt trapper .
Det er litt artigare å gå trapper enn etter ein sti.









 Pausane e alltid kjekkaste. Og så heite som vi var blitt i kjakane ,var det godt 
å fylle på med kaldt vatn.

 Opp i dalen dukka det opp fleir steinbuer ,nåken bedre tatt vare på enn andre.
 Forvetne








 Her ruva Hornelen ,som var mitt eigentlege turmål denne helga.
Men meldingane var litt sånn usikkre ,så tilslutt blei den turen utsatt. Er no greit å ha 
god sikt nåre ein skal kave seg opp på eit "utsiktsfjell". 
Den ligge no der...


Når vi hadde gått i 3 tima  (på denne såkalla korte turen ) og enno ikkje skimta
Synnevahornet ,var enkelte av oss lettare frustrerte ,MEN då e da 
toppen dukkar opp vettu ;))






 ....og då blir det plutseleg så lett å gå :-)
  JUUUUHUUU !!! Vi klarte det
den lengste fjellturn Thea nokonsinne har gått.
Og både ho og vi er så stolte over bragden ;-))

 Lengste turen til Aron Tobias og ,som her posa med mor og far
og Hornelen 
 Det er herleg å sitte på ein fjelltopp å skue utover flott natur 
i alle retninga.
 Silda og Stadtlandet .
.... og det er herleg å sitte på toppen av ein varde å pose etter ein laaang tung tur

 for ikkje å snakke om kor herleg det e å komme seg ut av beremeisa 
og krype rundt  å utforske norsk natur ;)

 Heim over gjekk nokon ned til Flatraket ,menst eg var blandt dei heldige
som gjekk samme vegen tilbake og møtte ein heil flokk med nydeleg,selskapsjuke ,nyskjerrige geite.

 trivelige dyr



men tilslutt blei dei litt vel nærgåande ,sjølv for meg ,så best å ta beina fatt....

Ein kjekk tur for store og små ,sjølv om det blei litt lenger enn vi hadde trudd ;))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar