tirsdag 28. oktober 2014

Returned to normal :-)







Så kom regnet ,og det skal bøtte ned så 
langt fram dei "lærde" kan sjå .....





så det blir nok lenge til vi ser blå himmel igjen....
Godt å kunne sjå tilbake på bilder og mimre
om den nydelegaste sommaren og
hausten i manns minne ,iallefall her på vestlandet :-)

onsdag 15. oktober 2014

Nordlyset


Igår kveld var det berre eit heilt fantastisk nordlys
her hos oss. 
Eg har aldri sett makan.
Å stå ute under den høge stjernehimmelen å sjå
på nordlyset som dansa .....
Ein magisk opplevelse.

Har lenge drømt om å få ta sånne fine nordlysbilder,
men det e jo so skjelden at
det dukkar opp her med oss,så
dette er første gangen eg har prøvd.
Kom så brått på så var dårleg forberedt og klura i veg med innstillingane.
Ser eg har hatt altfor høg iso.
Men til å vere første gang so e eg fornøgd :-)















Opplevelsen var tusen gange bedre enn bilda 
og den e no tross alt det viktigaste <3 <3

søndag 12. oktober 2014

Drøymeturen .


I lange tider har eg susla med tanken om å 
komme meg opp til Skålatornet.
Det er langt opp dit ,faktisk Norges lengste motbakke 1848 moh og  8 km  ,og då selvfølgelig og,
Norges lengste nedoverbakke. Det er det som 
er problemet ,nedover :P

Det er dissa knea mine som ikkje vil spele på lag ,
slitasje i begge to ,det e noko drit.
Men med god hjelp til riktig trening av rette musklane ,
knebøy på knebøy mm så har dei omtrent vert smertefri siste halvåret :-)
Men det var med litt blanda følelser eg la avgårde på denne turen.
Kom meg nok opp ,men ned....??




Så her står madammen ved fjelletsfot ,opp dit skal vi 


Første del av turen går på skogsveg ,
og det var så nydelege farga i skogen.

 

 Her er første trappa ,og
utruleg nok ,var det sånne trapper nesten heile vegen.


Første pause og første neve med turmiks




 

 Synest egentlig ikkje toppen kom nermere kor langt vi gjekk ,men for alldel, 
friskt mot :-)




Akk så nyyyydelege haustfargar...
 



Ved Skålavatnet ,ligg på 1100 moh ,fiint .

Her starta og Urenlurenhimmelturen


Gubben e i gostrok og slo t med ein selfie







Og vi gjekk og vi gjekk ,og det friske motet begynte ebbe ut ....


...men det var då tårnet plutseleg dukka opp i skodda ,reine soriamoria opplevelsen....



Godt å varmt inne ,og dei klissvåte klea blei bytta ut...




 

Etter mat og drikke og tørre kle,
var det ut med jubelgliset.
Juhuuu ,målet nådd ,DEN følelsen !!!!




 Jauja måtte no ha eit Skåla selfie


Litt kjedelig å vere så høgt oppe og ikkje få sjå stort meir enn dette :( 
men .....
Så begynte den spennande heimturen 




 nedover gjekk bra , lenge...






 Og litt surt å snu seg å sjå DEN blå himmelen over toppen...



 Siste timen nedover var rettogslett pyton ,så på dette bildet 
har ikkje "gamla" da so bra . 
MEN faktisk er det leggane som har mest ilt idag ,to dager etter :-)) 
Så no føle eg at eg kan klare alt ,berre gangspera gir seg .
JUHUUU

Ein nydeleg tur :-)