fredag 12. juni 2015

Gjenbruk og Hekledilla



Har sett bilde av desse flotte teppa 
som er hekla av gamle sengekle.
Såg så kjekt ut ,så eg måtte no berre prøve.
Robba skapet hennar mor ,skapet mitt og
systa sitt.
Så etter det har eg hekla og hekla og hekla ....
Så vart det jo tomt då ,PANIKK !!!
Kallen tviheldt på dyna si . 


...MEN då kom naboen med sitt :D 
bagasjerommet på bilen fullt av sengkle ....
Så då var det påan igjen.

verste arbeide er å rive fillene ,men etter det e det berre kjekt .
Heklekrok nr 15. 

Her er litt av dei eg har laga.
I desse har det gått med ettpar sommarskjørt frå ho mor og ...

 

70 og 80 tals fargane .




 Dette e det siste ,det hekla eg igår kveld. 
Fiiiine gla farga :-)

så sånn går no dagan .....




2 kommentarer: