onsdag 24. juni 2015

Jonsok-krans til den finaste eg veit .


Tenk at vi allerde er komt til midsommar,
ein trist og kald vår og forsommar ,og
no er det siste dagane av juni....

Eg /vi har fått og lest mange dikt og vers
desse tre siste månadane.

Dette diktet her av A.O. Vinje
er så fint ,og det er nesten som eg
kunne ha skreve det sjølv.






Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar,
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
det er du som kjem inn til meg,eg tykkjer,
eg srett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur det er du som gjeng der og tuslar.
Når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
det er deg eg ser,deg i alt eg høyrer
i song og fløyte og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar