torsdag 30. juli 2015

Ein Julidag på Dalsfjorden.



Nordavinden har vert strie her ute i dagesvis no.
Så då var det fint å kunne trekke inn i fjorden å 
padle i rolege omgivelsa.
Dalsfjorden har vi besøkt lite ,anna enn når vi køyre innover no etter brua kom.

På fine dager er utsikta mot Fossevikja og Laukelandsfossen
berre så utruleg fin ,at eg berre mååå padle der ein gang.
Så igår blei det endeleg tur dit.


Veit ikkje heilt kor trygdt det er å ferdast i Fjaler. 
Dette var iallefall det som møtte oss ,då vi gjekk ut av bilen.
Snappa fort til venner og kjende i tilfelle...
Vi lurte litt på om dei hadde vert skeptiske til Dalsfjordbrua ,,,,, Vi 
bestemte oss for å sei at vi var veldig for ,itilfelle noken skulle spørre .



Her e då denne flotte nye Dalsfjordbrua.





og sånn ser den ut under.
Skimtar og Atløyna langt der ute.





Heilt blikkstille på fjorden ,slåande vakkert.





Fossevika







Nydeleg tur innover ,m
ed roooolege åretak...



Så er vi ved den flotte Laukelandsfossen.




Eg berre elska sjø og vatn. Og ein sånn stor og fasinerande foss 
må berre beundrast på nærthald.
Berre stå å sjå på vassmengdene som stuper utforbi kanten ,uten stopp...
Kunne stått der i timesvis å sett.


 Måtte ha ein selfie ,konsentrasjon og lite kledelige brille....


 Små folk i stor omgivelsa

 Lærte i går at fjellet til venstre i bilde ,heiter Fløyen,
og er eit ynda turmål for mange.





 
Litt lenger inn i fjorden ,for rast og cowboystrekk ....
 

 før vi venda snuten mot Dale igjen. 

Veldig fin tur ,fred og ro :-)

















2 kommentarer:

  1. Ai ai ai dette var balsam for padlesjela!! Godt å se at noen har flott vær! Nydelige bilder:)

    Kos dere videre:))

    SvarSlett