søndag 22. mars 2015

Sjø og land


Denne helga blei det tur både til lands og til vanns...

Lenge sidan eg har vert i kajakken ,
så utruleg deilig å kjenne sjølukta og bølgeskvulp igjen.






 skøyige tare ,har ikkje sett sånn før.

 Blei ikkje så lang tur ,for det var kaldt og på utsida begynte det 
å trekke opp med nordavind.

 Flott men iskald tur på Skrevarden og Setekletten lørdag,
med mykje vakker iskunst.



 Skare og isføre ,så broddane var gode å ha.


På isen under varden vart det tomt for batteri ,men etter det var fingrane så kalde
at det vel neppe hadde blitt knipsa meir ;)

Idag er det øspøs regn 
surt og kaldt
Så takknemmelig for dei fine dagane .

torsdag 12. mars 2015

På gamle stiar .



Ein herleg vårdag igår ,
sola varma godt i bakkane ,sjølv
om vinden ikkje heilt ville sleppe taket...

Vi gjekk ein ettermiddagstur ut til Kjørvika.

 Alltid spennande å gå blandt dei gamle mosegrodde trea.

 Rotvelte i kvarsi retning



 På gamle tomter ,med minner frå ei svunnen tid....
Her var det eingang eit hus ,eller fleire hus ,er iallefall fleire murar .
 


...og for mange år sidan ,trilla ei lita jente (eller gut ) dukkevogna 
si her ute....

 I dei lunaste bakkane fant vi årets første Kusymre



Fin tur på ein fin vårdag !

torsdag 5. mars 2015

Vår i lufta !!


Lunefulle mars månad.
Har ikkje heilt bestemt seg for om vi
skal få vår ,eller om vi skal få vinter litt til.
Det blir sånn ca ein halv dag med det eine eller andre.
Dette var ein vårleg føremiddag .ut på tur å
sjå på snøklokkene i "Olla" sin hage,...





....og fålov å springe så masse ein vill i søledammane ,


med hua i handa og vottane på slep. Lykke !!







Lille broremann er ikkje begynt å springe enda ,han lika å følge med på livet utanfor 
frå vinduskarmen ,men neste vår då ......;)