Har hatt ei flott hausthelg i Lom .
Kunne vel neppe vert meir heldig med veret vindstille ,klart
sol og måne :-)
Laurdagskvelen tilbrakte vi på stemningsfulle Vianvang ,der
sonen vår er så heldig å ha arbeidsplassen sin.
Du kan lese meir om Vianvang her http://www.brimiland.no/index.php/vianvang
Ein skal komme gåandes til gards
og langs vegen heng det lykter som viser veg.
Denne oktoberkvelden hadde vi solnedgangen over fjella som lyste opp ,og seinare månen...
I tunet blir vi mottatt med varm buljong og
noko godt i glaset
...som vi kunne nyte ilag med den nydeleg utsikta og denne
kvelden nydelege fargar og måneskin.
På Vianvang får vi smake ,ka det egentleg smaka ,og her fortel Arne
om mat og smakar og han mistenker ingen av
oss å nokonsinne ha satt tennenne i firstpris karbonader ,men kansje vi kjenner nokon som har
gjordt det ? ;)
Elles seier han vi skal huske denne 12.oktober kvelden for den
var spesiell til oktoberkveld å vere...
Det var ein nydeleg kveld ,nesten synd å gå i hus.
inne gjekk vi rundt å smakte på masse forskjellig,
på bildet over kalvebrissel ,veldig godt ,men spørst
om eg hadde smakt på det om eg viste ka det var....
vårt bord for kvelden i midten
fantastisk atmosfære og avslappande stemning i romma her
Vi smaker og smaker og det er utruleg kor godt
alt er, når det smaker slik det egentlig smaker..
tre av kokkane (vår kokk i midten ) ;)
Grava rein
stein ovnen
kveitene til foretten er nesten klare ,berre litt smør so...
beste kveita eg nokonsinne har smakt ,og DEN sausen :P
Hovedrett
heilsteikt elg lår ,mmmm
Her er alle kokkane til Brimi og dei 4 mannlige
er alle single...kan det vere fordi dei er like
kresne på damer som på råvarer ???
Hovedrett
vi fekk og vere med ned i vinkjellaren
Ostebordet
mellom hovedrett og desert kunne vi kose oss med ost fra ostebordet ,
her er mitt utvalg....
og då deserten kom på bordet glømte eg selvfølgelig å ta bilder ,
men det var ikkje berre ein desert for å sei det sånn ,og dei eg smakte på
var himmelsk gode :-)
Eg anbefaler alle som liker gode smaker og gode opplevelser og som vil lære litt om ekte
mat å ta ein tur til Vianvang .
Ein flott kveld til minneboka.
Takk for meg :-)
For ein kveld! Dette såg heilt fantastisk ut! Nesten så eg fekk vatn i munnen her. Flott forteljing og veldig fine bilde.
SvarSlett