tirsdag 22. april 2014

Ut i havet...


 Idag hadde vi ein finfin tur rundt om Moldværet.


har ikkje vert her ute med kajakk før ,så spennande å komme
litt tettare på ;)



  Måldøyklubben



Noko av det eg likar best med padling ,e at ein kjem fram på plassar ein 
elles aldri har sett. 
Trange sund e spennande og moro :D





Mykje fugl av mange slag her ute ,men Skarven var i fleirtal .







 Fant enda eit trangt sund ,her padla vi mest på tare



 Har vel eigentleg ikkje lov å gå iland ,men tok ein pitteliten strekkepåbeina tur ,trur ikkje
nokon tok skade av det...









Strandnelliken blomstrer snart ute i holmane no. 
Eg blomstrar litt eg og når eg får sleke gode dagar  ;))

Påska 2014


Ei ubeskriveleg flott påskehelg er over.
Veirgudane har verkeleg vert i godlune ,
dei har bydd på sol og gode varmegrader heilt frå langfredag.
DRØYMEPÅSKE !!!

Eg var så "heldig" å ha arbeidshelg ,så blei 
ikkje så mykje farting,men ,men..ser no ut til at godveiert held
seg nokon dagar til så....



Langfredag hadde fjelltrimmen fellestur til Skrevarden.
Det var maaange som heiv seg med på turen. 
Her ved "Skrevatnet" (veit ikkje om det heiter det ) må eg alltid 
ha ein stopp å dra inn utsikta ,e so fint her.

Dei kjappaste har allerie nådd toppen.
eit lite snødryss og kald trekk på toppen ,men akk så vakkert...



Flotte solnedganga om kveldane ,denne e frå terassen påskafta :-)

Ein kjapp morgontur på Granefjellet 
påskedag ,blått så langt ein ser....


Så endeleg blei det tid for ein tur i kajakken
Beste medisinen når kroppen og toppen er sleten etter ei lang ,kjekk og travel
helg på "heimen".

Heilt aleine med båten og havet ....luktene ,lydane og synsintrykka ..sukk...


ein liten fyrsafari i Raudøyna ;)






...før det bar heimover 


fagerkveldssol smiler over Høyvikja ....

før ho går i havet bak Heggøyna :-)

Heldige meg som bur her <3

torsdag 3. april 2014

 Vi nyte det flotte veret å
prøver å komme oss ut på tur kvar dag.
Snarvegen opp på Brurastakken er ein passeleg grei tur å
"manne seg opp" å gå ,for små og store føtter...;))



 liten kar med store steg og stor utforskar trang :-)

 å når ein har stabba opp ein lang bakke ,er det godt med ein pust i bakken

 Vårblomane kosa seg i sola og.




" Premien" når ein kjem opp på toppen er
ei fantastisk utsikt!!! også er det kjekt
å skrive navnet sitt i boka :-)



 litt godis må vi no og unne oss på tur .






Fiiiint i alle retninga her ;)




Herlege våren <3