Har lenge hatt lyst å gå på toppen av Batalden..Heima fra ser vi han ligg der ute i havet ,nær og likevel fjærn ,men lørdag heiv vi oss i båten og tok turen dit.
Angrar ikkje på det. Naturen og utsikta var fantastisk frå første steg . Litt bratt å luftig her og der i ura ,men oppover går det greit.Sjølv om det bles godt med nordavind ,så var det omtrent ikkje eit vindpust i bakkane oppover ,og heller ikkje på toppen,så har skjelden vert meir takknemeleg for at det skya litt til menst vi satt der. Det var trykkende varmt ,og vannflaskene blei fort tomme .
beste følelsen å sitte på ein fjelltopp med utsikt utover havet og her var det berre himmel og hav ...nyyydelig <3 |
Tar gjerne denne turen på nytt.