torsdag 29. november 2012
Kveldens måne
Når eg endeleg fekk rota meg ut for å ta bilde av månen var det flatt batteri, så her e det eg fekk til....;)))
søndag 25. november 2012
Søndagstur :)
Blei ein liten padletur idag ilag med kallen :) Opphaldsver og passelig med vind...skjelden kombinasjon ,berre å komme seg ut å nyte da :))
tok turen innøve til Grane idag,...må inn der for å få sjå sola no ;)
ja,her har also eg komt fremst ;))
og der var sola!! iallefall nesten....
Granesundet
vinterlyset er mjukt og fint
på land for å rette på eine fotstøtta,
og menst kallen ordna,knipsa kjerringa....
litt hett i koppen og kroppen før heimtur ....
lørdag 24. november 2012
søndag 11. november 2012
Kvinnfolk i blesten :))
I långe tide har eg og Malene planlagt at vi skal ha oss ein lange gode padletur og verkele kose oss minst ein heil dag....Men kvargang ho e her heime så e det enten ei helg med tusen andre ting som må prioriterast eller så bles det storm og regna trollkjerringa. Blir liksom ikkje den heilt store kosen i slikt veir. Men det ser ut som at vist vi skal på tur i lag så må vi berre "blåse" i veire.Så idag la vi utpå i relativt sure forhold. I bygene bles da ganske so godt,så dissa farkostane våre var ikkje heilt enkle å handtere ;)
......men smilet var på plass
idag var det heilt greit å berre snuse litt på desse bølgene ut i fjorden , men ein vakker dag når vi (eg ) blir litt tøffare kan vi ta turen uti å "kose" oss i dei ...vise ikkje på bilde då at dei faktisk e ganske store ;) var og ganske bra straum i sundet her så vanskeleg å få ta bilder og styre samtidig :P
Går ditta bra då......???
Dårleg sikt mot Brurastakken idag
fekk god bør innat vikja,det var faktisk ganske skøy
Frisk og fin tur,naglebet å kalde kjaka.Masse dårlege bilde,men du verden kor kjekt :))
søndag 4. november 2012
Skrevarden
So blei da endeleg tur på Skrevarden igjen :) Kald og klar dag med sol frå skyfri himmel :))
Møtte på ein jeger,han hadde nett lært seg" dott no" so han ville gjerne fotograferast og komme på bloggen min ;))
to kjekke kara
Høyvikja låg speilblank idag
Is i Legda
.....og på vatnet neda i varden hadde isen såvidt lagt seg
Endeleg på toppen,og det måtte jo forevigast ;))
litt varmt og drikke må vi ha,...
solbærtoddy
Utsikta frå toppen er som vanleg nydeleg
Iskaldt spøkelse (dei e vel helst da...)
Her kan ein sitte i timesvis å nyte utsikta
Utsikt mot eit rasutsatt område ,Dalsfjorden..;)
nesten heime igjen etter ein knallfin tur. Sundt for kropp og godt for hjertet :))
Abonner på:
Innlegg (Atom)