I helga har vi padla Nærøyfjorden, den smalaste villaste og mest dramatiske fjorden i verda (iag med Aurlandsfjorden ) ,seiast det
den står på UNESCO si verdsarv liste. Fjorden er 17 km lang.
Yr lovde sol frå skyfri himmel og sommartemp,tempen var bra
men sola kom berre gløttvis. Heldigvis får eg sei,for den trolske stemninga
tåka laga i fjorden.....det var berre såååå magisk :-)
Her på veg ut frå Gudvangen
Regnbyge innimellom på lørdagen,men på suvenirbutikken i Gudvangen
hadde dei sydvest ,som heldt haue tørt. I tillegg hadde den gode ,polstra øyreklaffa,
som eg kunne dra nedøve øyra om det blei formykje "teknikktåt" av karane ;)
alltid nokre meter bak,sånn er det å vere fotograf ..
Bakka ut her var det bilveg og såg det var ein del utleige her.
Den Trondhjemskepostveg går innover fjorden eit stykke
ferga gjekk i ett og den var full av turista kvargang
første pausen hadde vi her på Skalmenes ,vi ser inn til Styvi.
det var og ein fin teltplass ,så vi tenkte padle tilbake her å kampe
om vi ikkje fant ein plass vi likte betre seinare...
Regnboge over Dyrdal
Så er vi komt i enden av fjorden Beitelen ,rundt neset til høgre er innover til Aurland og Flåm
vi kryssa og padla andre sida innat
kunne berre halde flaska bort under ein av dei mange fossane,slapp å gå utav kajakken ;-)
Dyrdal
alle får gjere det dei er best til, eg lika best å vere fotograf ;)
småkalde og fargerik ;)
Tennbrikettane låg att i bilen,så det blei ei lita utfordring å få fyr i bålet ,alt var ganske vått...
....men så fekk Johnny ein sånn Aha ,vi kan jo bruke gasstennaren!! lurt :D
Kokken
Johnny spesial ,enkelt ,godt og mettande ...
Dei som legg att utstyr i bilen ,må lage seg eteredskap sjølv ,funka godt dinna
Stemning
Oddbjørn e vist velfornøgd med ein av dei "goe" vitsane sine....
Kos .Det kom etterkvart fleire bål langs fjorden,mange som var på kajakktur
egentleg e eg ganske mørkeredd sjølv i selskap med to sterke kara ,og då ugla begynte å ule fekk eg ein litt
sånn" villmarkgrøss" følelse ,så eg sovna med hauelykta på...
... og vakna til denne utsikta søndag ,det hadde regna godt om natta
morgonkaffien var ekstra god i sånne omgivelsa
På fjorden igjen ,søndagen blei berre utruleg vakker
,med sola som braut so vidt i gjennom tåka...
Berre heilt spesielt vakkert ,følte eg var i ett maleri
Trur det hette Tufto her
Vikingeskip ved Bakka
nesten tilbake i Gudvangen...
Ei fantastisk fin reise som eg verkeleg anbefala alle å ta . Gode minner :-)