torsdag 30. juli 2015

Ein Julidag på Dalsfjorden.



Nordavinden har vert strie her ute i dagesvis no.
Så då var det fint å kunne trekke inn i fjorden å 
padle i rolege omgivelsa.
Dalsfjorden har vi besøkt lite ,anna enn når vi køyre innover no etter brua kom.

På fine dager er utsikta mot Fossevikja og Laukelandsfossen
berre så utruleg fin ,at eg berre mååå padle der ein gang.
Så igår blei det endeleg tur dit.


Veit ikkje heilt kor trygdt det er å ferdast i Fjaler. 
Dette var iallefall det som møtte oss ,då vi gjekk ut av bilen.
Snappa fort til venner og kjende i tilfelle...
Vi lurte litt på om dei hadde vert skeptiske til Dalsfjordbrua ,,,,, Vi 
bestemte oss for å sei at vi var veldig for ,itilfelle noken skulle spørre .



Her e då denne flotte nye Dalsfjordbrua.





og sånn ser den ut under.
Skimtar og Atløyna langt der ute.





Heilt blikkstille på fjorden ,slåande vakkert.





Fossevika







Nydeleg tur innover ,m
ed roooolege åretak...



Så er vi ved den flotte Laukelandsfossen.




Eg berre elska sjø og vatn. Og ein sånn stor og fasinerande foss 
må berre beundrast på nærthald.
Berre stå å sjå på vassmengdene som stuper utforbi kanten ,uten stopp...
Kunne stått der i timesvis å sett.


 Måtte ha ein selfie ,konsentrasjon og lite kledelige brille....


 Små folk i stor omgivelsa

 Lærte i går at fjellet til venstre i bilde ,heiter Fløyen,
og er eit ynda turmål for mange.





 
Litt lenger inn i fjorden ,for rast og cowboystrekk ....
 

 før vi venda snuten mot Dale igjen. 

Veldig fin tur ,fred og ro :-)

















søndag 5. juli 2015

Kveldstur




Dette er første sommaren på år og dag
at vi ikkje har båt ,
(har jo kajakkane då...) 
men det er og veldig kjekt å tøffe ,eller suse rundt i 
ein motorisert båt....

Igår kveld var berre ein kveld til å nyte ute ,det syntes og knotten :(
så då den blei for intens heime på terassen,
tok vi rett å slett å tjuvlånte påhengsen t svigers ,
og susa oss ein tur rundt Heggøyna.

Sola var inne i tåkebanken og med ein del skyer på himmelen
blei det flott blått lys og fine bilder på himmelen <3



















Ein nydeleg kveld .

torsdag 2. juli 2015

Solnedgang


Nydeleg solnedgang i gårkveld.
Så tenkte eg måtte forevige
ein kveld i 2015 og...




 Hadde lyst å sitte her på berget til sola gjekk ned ,
men fekk selskap av milliona blodtørste smikke /knott
så det blei berre nokre raske bilder .


Revebjeller og smikke i solnedgang


Ein slik nydelig kveld dette kunne ha blitt
uten smikka ....

onsdag 1. juli 2015

Gjenbruk





Denne gamle gyngestolen har lenge stått på vent 
for ein makeover. 
I går gjekk eg laus med spray maling ....
knall grønn blei den . 
Knakande frisk fin farge :-)



På loftet hos ho mor fant eg sengkle i friske 70 talls grønfarga.
Det var berre å rive i filler og finne fram heklekroken.
Så vips hadde stolen fått pute .
To ringer med innerpute og fyllvatt  :-)



Det som blei igjen av dei grøne sengklea 
blei ilag med eit anna dynetrekk,
teppe under stolen.



Fort gjordt og berre lækkert ,synst no eg då :-)
Stolen har ein liten skjønnhetsfeil etter eit besøk av ein litt stor herremann
ein gang på 70 talet :P har
vert forsøkt fiksa ,men...
det får berre vere sånn som eit koseligt minne ;)

No har eg hekla 19 eller 20 tepper ,pluss puta
på ei lita stund,,,,armen e begynt å streike litt
så då får eg prøve finne på noko anna
ei stund ,,,,hmmmm.....??