fredag 12. juni 2015

Gjenbruk og Hekledilla



Har sett bilde av desse flotte teppa 
som er hekla av gamle sengekle.
Såg så kjekt ut ,så eg måtte no berre prøve.
Robba skapet hennar mor ,skapet mitt og
systa sitt.
Så etter det har eg hekla og hekla og hekla ....
Så vart det jo tomt då ,PANIKK !!!
Kallen tviheldt på dyna si . 


...MEN då kom naboen med sitt :D 
bagasjerommet på bilen fullt av sengkle ....
Så då var det påan igjen.

verste arbeide er å rive fillene ,men etter det e det berre kjekt .
Heklekrok nr 15. 

Her er litt av dei eg har laga.
I desse har det gått med ettpar sommarskjørt frå ho mor og ...

 

70 og 80 tals fargane .




 Dette e det siste ,det hekla eg igår kveld. 
Fiiiine gla farga :-)

så sånn går no dagan .....




lørdag 6. juni 2015

Idyll




Sommaren let vente på seg ,men
innimellom får du noken timar,
der du får kjenne litt 
på den likevel.....


















....og kansje 
det er ALT du treng ,
nett då <3

onsdag 3. juni 2015

Palmanova

Klimaflyktninger ei vekes tid.
Godt å komme vekk frå alt
gråveret ,kulden og alt anna som e ganske grått,
ei lita veke.
På Mallorca var det akkurat passe varmt og godt for oss vinterbleike ,kulsige nordmenn.
20-23 c i lufta og ein god del kaldare i sjøen,gjor
til at vi grua litt for å bade ,men da kom seg utover veka.




 Utsikta mi det meste av dagane....


 posing på stranda ,kan vert litt kjedelig når mammsen aldri blir ferdig .....

 Leilighet med hav utsikt . 
Fekk med meg fleire flotte soloppganger ,medan resten av reisefølget ,sov...



 Soloppgangen er nesten meir magisk enn solnedgangen,
heilt spesiell stemning når den nye dagen kjem.

 sååå godt å sitte med kaffikoppen å sjå utøve havna ,menst byen langsomt vakna til live...




 Solnedgangen ser vi ikkje frå Palmanova ,men fint
med ein kveldstur på stranda likevel..



Goe dagar <3

mandag 11. mai 2015

Søndag på Atløy.




Ein liten søndagstur, snarvegen til Brurastakken i nydeligt ver 
men kjempekald vind .



 Bakkane oppover er dekka med gule kusymre 
og  blå fioler. Så nydelig :-)



 Utsikta her oppe er og nydeleg

 Kjekkasen min ,ekje so verst han heller....



 Flotte gamle Vilnes kyrkja ,bada i vårsola . 
Ein vakker plass ,med mange minner <3
 Bakkane inne i Gjerda ,her sprang nok "gubben" min
mykje å herja i oppveksten ;)

Ein liten tur er bedre enn ingen tur :-)