Er så heldig å ha fleire "medisintre" i hagen.Idag skulle eg og Thea ut å plukke blomstene for å lage hylleblomstsaft.Lukta av hyll e sommar for meg,og eg kom til å tenke på blomstene som kvar sommar då eg var lita,hang til tørk på ein bjelke i Johanstaua.Det var bestefar som plukka dei,tørka og brukte til te.Sommarlukter :) Der som hyllen sto kom og løypestrengen ned frå Rinda,med store høybøre.
Sidan låvedøra sto på gløtt,tenkte eg nett stikke nasa innom å sjå om eg såg atte desse krokane som hang på strengen og som vi (kansje ikkje eg) måtte bere oppatte dei tunge Rindabakkane ,har faktisk ett minne t at eg og bar ,men da kan hende eg berre huska gremjinga t dei andre so sterkt at da følest som eg var med på da ;)
jauda,oppunder taket på bjelken sin hang det tre stk,rusta fine,meina bjelken var full av slike før
På låvedøra e det fleire minner,men litt nyare dato,her kryssa vi vossakasse lassa,slott og håslott
og nåken har tegna,kansje det e bonden det skal forestille....
I høyståle var det full aktivitet i mine barndoms-sommra ,trur kansje det var berre hos oss vi fekk lov å hoppe i høyet ,for her samlast dei fleste Da va so kjekt..Hengelampa hang faktisk i taket enno...
Høgt opp på bjelkane sto vi og hoppa ned,og dagslyset kom inn som små soler gjennom håla i kledningen og lagde lysstråle i støvet gjennom heile rommet.....
utafør leika jenta med katten,men det var idag,men sikkert før og .....
Fant og ett par skatta på låven som eg fekk lov å "ta",so får me sjå.....
E vel begynt å verte gammal no når sleke minne verte so sterke og viktige ;))
heimatte på kjøkkenet med hylleblomsten ,no skal vi lage saft
Her e det som skal til for å lage den
oppskrifta
konsentrasjon
flotte sommarfarga
og ei hærleg sommarlukt over heile kjøkkent mmmm.No skal safta stå og gogjære seg i fem døgn før vi skal sile den over på flasker.Så e det berre å ta ein lite sup når ein kjenne ein forkjølelse nerme seg,veldig effektivt.:) Kan og bruke bæra,men det blir til høsten.
For eit vakkert og rørande sommarnostalgi-innlegg! Løye korleis lukter og detaljar på ein gammal låve kan gjenskape minner..<3 Takk for atter eit feel good blogginnlegg!
SvarSlett