Heilt sidan eg såg "der ein skulle tru at ingen kunne bu "
programmet frå Fuglesteg ,for ein del år sidan,
så har eg hatt lyst å ta ein tur dit.
Det var berre ein sånn plass
som ein verkeleg har lyst
å fare til...
Og endeleg så fekk eg gjennomført den
turen og :-)
(da skjer ikkje alltid so fort med meg....)
Igår ,lørdag ,sikkert den varmaste dagen
som har vert i sogn på långe tider ,traska vi oss
oppover dei bratte bakkane til denne fjellgarden ,på fjellhylla.
I mitt hode så tenkte eg turn gjekk på kronglete sti gjennom skogen.
Men det var traktorveg nestn heilt opp .Skogen var rydda ,så lite skugge.
Aldri har vi vel vert heitare !!!
Eg var faktiskså heit at eg ikkje orka ta eit einaste bilde før vi var nesten oppe,
og då snakka vi hete :P
Men her e vi på siste bit av turen.
Nydelege blomsterenge ,juni e no vel berre ein vakker månad :-)
synest slottebakkane heime var bratte eg ,
men her oppe har dei nok vist ka da e å jobbe i slotten ;)
http://www.fortunsdalen.no/fuglesteg.html
her kan de lese meir om garden
Upåklageleg utsikt frå dette vindauga,
og dei finaste pelargonium.
Har vel gjordt si nytte både spaden
og mammalukka ;)
langt tilbake i tida
inne var det herleg kjøligt
så når vi kom utigjen tålte vi litt meir sol.
Utsikt frå den eine sida av benken...
....og frå den andre ;)
kunne godt ha trivdes her nokre daga ,
men etter å ha kosa oss med kaffi og nysteikte hellekaker ,
traska vi oss nedover til bygda igjen.
Dette var ein vakker plass ,som var kjekt å besøke ,men
tenk å bu her ....??!!
kjempe fine bilder :) såg veldig koseligt ut :)
SvarSlettTusen takk Silje ! :-) Var sjikkille koseleg der ja...
SlettJa, Fuglesteg er flott. Og det blir heitt i bakkane, ja.... gjekk der i fjor på ein av dei varmaste sommardagane, og sjølv om det var blitt kveld, så merka eg varmen! Men du verda så flott det er der, og kjekt når det er vertskap om sommaren så du får kjøpt deg både sveler og kaffi :)
SvarSlettSå flott Marit :-)
SvarSlettDette er ein tur som eg også ser fram til å ta.
Fantastiske bilder som viser vakker natur og ein nydeleg og "levande" plass !
Takk for turen :-)